Dagene går.
Inge Lønning er på banen igjen, og jeg har til min overraskelse blitt skikkelig engasjert i kommentarfeltet hos Vampus.
Denne debatten kommer opp hvert andre år så sikkert som banken. Jeg har ikke endret standpunkt i saken, selv om jeg har "skiftet fil"; jeg synes ikke det skal bli like dyrt å få hjelp til å bli gravid som å få nye pupper.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
For ei samling dustete argument hos VamPus! "Ingen menneskerett" meg her og "mine skattepenger" meg der.
Pøh.
Staten blar gladeleg opp 100 millionar årleg for mykje dårlegare prosjekt enn barnelykke for de få. Høyrte eg jagarfly? Forurensande motorvegar? Jålete OL-søknadar? Til milliardar, ikkje millionar?
Assistert befruktning er billeg for staten, men dyrt for para det gjeld. Ein kan ikkje på den eine sida okka og aia seg over at norske kvinner ventar for lenge og får for få ungar (mao presisera kor viktig det er for samfunnet med barn), og på den andre la vera å sponsa behandlinga til dei ofte mest motiverte, barnevennlege para som fins der ute..!
Var det opp til meg, kunne assistert befruktning gjerne vore gratis. Sjølv om dei fæle, egoistiske norske damene ventar til dei er -giisp!- over tretti(!!) år før dei er klare for ungar. Sjølv om det finst ungar i andre delar av verda som svelt og har det kjipt. Sjølv om det ikkje er nokon "menneskerett" (kvifor ikkje, i grunnen? Er ikkje "retten til lukke" grunnleggande?).
Så om me nå bare kunne spandert eit par ekstra millionar for å gjera livet litt lettare for alle desse andre, mindre ønska barna i tillegg, hadde alt vore perfekt. Alle desse som kjem til verda utan at nokon har ønska seg dei eller planlagt at dei skulle koma, og som veks opp med foreldre som er meir opptekne av dop eller drikk eller andre vaksenting enn av avkommet, eller som ramlar i hendene på foreldre med få ressursar - økonomiske eller andre - og som i beste fall endar opp som løvetannbarn, men mykje oftare trør rett inn i foreldras dårlege fotspor eit par år nedi vegen. Som hamnar i fengsel eller på sosialen eller endar opp med å påføra andre skade. Alle desse ungane som abortmotstandarar er så opptekne av å backa opp medan dei er foster, men som liksom mistar interessa så snart dei faktisk trer inn i verda utanfor livmora.
Dèt hadde vore god samfunnsøkonomi, det! Men det er klart - ein brukar jo ikkje pengar på ting som ikkje er menneskerettar. Det ville jo vera altfor generøst...
Det er alltid vanskelig å sette pasientgrupper og budsjetter opp mot hverandre, men generelt er jeg enig i at assistert befruktning er en god investering og at vi bør (minst!) opprettholde de ordningene som er der i dag. Og som en av debatantene sier, er denne gruppa veldig enkel å ta, siden de ikke er noen stor pressgruppe.
Ser til min forbauselse at 2-3 innlegg er fjernet fra debatten, deriblant ett av mine... Sensurert av Vampus?! ;)
Legg inn en kommentar